Me får bruk for det intergalaktiske forsikringsprovet

Her talar vell bilete for seg sjølv.

Her talar vell bilete for seg sjølv.

Før me reiste, dvs. på veg ut av Noreg, stogga me innom hjå Gjensidige i Haugesund for å få oss eit såkalla «Grønt kort», eit forsikringsbevis som skal funka i dei fleste land me likar å samalikna oss med. Det skulle visa seg å vera eit godt trekk frå vår side.

Då me sette ut frå Hotel Mystiqe nær Beograd i morgontimane tysdag var planen klar. Me skulle kryssa grensa til Bulgaria og ta inn på eit hotell i Sofia. Denne gongen lova André dyrt og hellig at Gloria Palace var mykje meir sentrumsnært enn det forrige hotellet. Eg vart umiddelbart skeptisk til navnet og lurte på om han nok ein gong hadde booka oss inn på det lokale bordellet. Det skulle seinare visa seg at eg tok feil, men var nok ein gong uhyre nære.

Lokal kyrkje, potensielt kjend.

Lokal kyrkje, potensielt kjend.

Passkontrollen inn igjen i EU gjekk smertefritt, men me vart nødt å visa både pass, vognkort og «grønt kortet». Dette er noko som gjer oss litt sveitte i panna då ingen av oss eig verken bilen eller forsikringa, men det gjekk fint. Like over grensa stogga me for å ta ut litt lokal valutta. Ei krone var verd omlag ein fjerdedel, så for berre 10 av dei lokale kronene, fekk me sikra oss ein halvliter med importvatn i frå Ulvik. Dette kom som ei gudegåve på André som heile morgonen hadde hevda at Mads og eg drakk så mykje om kveldane at han fekk vondt i hovudet.

I Sofia fann me ein parkeringsplass like på andre sida av gata frå hotellet og parkerte der. Mads og André delte nokre ord med parkeringsvakta, nikka litt annerkjennande og fekk lov å stå der over natta. Gloria Palace var ikkje ei skjøkjestove, men frukostresturanten dobbla som strippeklubb om natta. Sett vekk i frå at sengene mangla eit par plank var hotellet greit nok. Det var plassert som André lova midt i sentrum vegg i vegg med handelsdepartementet. Me dusja etter tur, oppdaterte bloggen og tussla ut for å finne noko å ete.

Handelsdepartementet eller noko.

Handelsdepartementet eller noko.

Det faktum at André hadde plassert oss midt i byen betydde ikkje at det var ein enkel sak å finne gågata. Den var 350m beint fram ut i frå hotellet, men me valgte jo ikkje å gå beint fram. Etter bortimot ein time med tussling utan å ha sett noko anna enn departementsbygningar, byrja me å lure. Me fant fram Google Maps og bad den om å visa oss vegen til den Irske pubben, den lyt jo vere nær pubb og matområdet. Det var den ikkje. Ikkje var den open heller. «Have a nice summer, welcome back in September» stod det på døra der. Kroppen hylte etter næring og i eit desperat forsøk på å finne sivilisasjon valgte me å følge etter ei folkemengd på veg over eit gongfelt. Dei leda oss rakt inn i ein t-banestasjon eit stykke lenger ned i gata. Det var ikkje det me var på jakt etter. Me kryssa sløkøyra hjørna på ein bygning og der rett framføre oss låg det ein amerikanskinspirert bar, grill og sushi resturant. Me fekk døyva svolten med nokre fahitas og eit knippe av dei lokale bjørnungane før me lånte WiFIen til å tinga hotell og finkjemme Google Maps etter gågata. Det synte seg at me var omlag 100 meter i frå gågata og 200 meter i frå hotellet. «Dette fekk me til, igjen».

Bilete frå røykjekafèen. Mads har investert i dei gulltrekkte russiske sigarettane,

Bilete frå røykjekafèen. Mads har investert i dei gulltrekkte russiske sigarettane,

På røykjekafèen i gågata vart me sitjande å diskutere «Zabriske point» ei stund, eller iallfall filmmusikken, før me kom på at me burde ha ringt bror min. Ikkje han som eig bilen, men han siste som er att heime og som hadde ansvaret for å levere Volvoen på verkstad. Han kunne fortelje at han var på saka, men hadde litt problem med døra. Den ville ikkje halde seg igjen. Både André og eg prøvde å forklare triksa som må til for å få lukke førardøra, men etter eit kvarter 20 minutt med kluring gav han opp og stroppa den igjen i staden. Då han ringte oppatt nokre minuttar seinare var bilen levert, stroppa fjerna og døra stod «Sånn halvegs innåt». «Dette fekk han til».

Tilbake på hotellet noko seinare på kvelden hadde me ein kort samtale med respsjonisten, den gjekk slik:

-Looking for bar?

-No, looking for room.

-Ok, better for me.

Dette er ikkje nok plank i ei seng.

Dette er ikkje nok plank i ei seng.

Eg er litt usikker på korleis det er bedre for han og kva han eigentleg prøvde å seie, men me heiv oss inn i den noko skranglete heisen utan fleire yttringar. På rommet oppdaga André og eg at me var vorte solbrende på kvar vår arm, men det er vell sånn ein må forvente på motorvegen i Bulgaria med ein arm ut glaset heile dagen, me tenkte ikkje så mykje meir på det og sovna raskt.

Neste oppdatering skal me etter planen vera framme i Istanbul, Bysants, Konstantinopel eller Miklagard, men me er ikkje framme i skrivande tidspunkt, så kva som skjer får de høyre meir om i morgon.

Oppdatering: Me er framme i Istanbul, men opplastingsfarten på internett her er såpassa at me har brukt tre kvarter på å laste opp eit bilete. Me publiserer no og legg til fleire bilete i morgon når det har fått stått og lasta opp over natta.

Vyrdsamt V.

2 thoughts on “Me får bruk for det intergalaktiske forsikringsprovet

  1. Om det er av interesse kan Zabriskie Points lånast av undertegnede, både i musikk-form og som film. Da er jo tross alt ein del Pink Floyd musikk der!

    Like

    • Ja, det var mykje det me diskuterte. Men både Doors og Grateful dead hadde nokre fingrar i spelet der sjølv om ikkje alt var med i filmen.

      Like

Leave a reply to vhaslum Cancel reply