Oppsummering

Oppdrag fullført, såvidt.

Oppdrag fullført, såvidt.

No når me er komen tryggt heim er det vell på tide med ei oppsummering av turen. Den kjappe oppsummeringa blir:

Aust-Europa står ikkje tilbake for Vest-Europa på nokon måte, så om du har for mykje tid, pengar, gode kompisar og sletne bilar er det ingen grunn til å ikkje leggja Europa-turnéen austover.

Det hadde sjølvsagt vore kjekkare på mange måtar å køyrd Volvoen nedover, men Almeraen gjorde jobben på ein meisterleg måte, en la til og med inn litt drama mot slutten. Volvoen er klart bedre å opphalde seg i over lengre tid, det er litt meir tak i den og eldre er jo alltid bedre, eller? Almeraen skraut på seg aircondition, men det var jo blank løgn så der var dei ganske like, det einaste Almeraen eigentleg vinn soleklart p er automatgir, som har sine kvalitetar ved bykøyring, men då me brukte nesten all køyretida på motorvegar, betyr det eigentleg ikkje så mykje.

Lokal kyrkje. Bør vera kjend for dei fleste.

Lokal kyrkje. Bør vera kjend for dei fleste.

Då me starta hadde me peikt oss ut diverse hovudstadar longs ruta som me ville vitja. Me satsa på ein skikkeleg long tur første dagen og deretter korte turar, men ei overnatting heile vegen nedover. Det synte seg å vera eit lurt triks, storbyane ligg strødd longs ruta og då me kom oss heilt til Praha allreide fyrste dagen var me i Istanbul allreide etter under ei veke. Det gav oss god tid til å ha 2 dagar stopp både i Istanbul og på dei longe turane heimover. Om me skulle gjort noko annleis måtte det ha vore å hatt enda meir tid på nokre av plassane t.d. Istanbul og Budapest, men det hadde me ikkje tid til og ikkje visste me kva byar me evt. skulle ha satt av meir tid i på førehand.

Eg må óg få nytta høvet her til å takka mine reisekammeratar for ein fin tur. Det er alltid like kjekt å reise på tur med dykk og eg er iallfall klar for å gjennta suksessen på eit seinare tidspunkt.

Nederst finn de ei lenkje til alle bileta eg har teke på turen, men det er på tide med ein TL;DR.

Best of:

Fare for singularitet?

Fare for singularitet?

Øl: Mel’s Craft Beers & Diner, Wien.

Beste pub: Szimpla Kert, Budapest.

Pris: 4 kr for ein halvliter, Sunny beach.

Kyrkje: Hagia Sophia, Istanul.

Sigarettar: Sobranie Black Russian, over alt.

Vei: Istanbul.

Skilt: Singularitet i vegen, Romania.

Pengar: Plastpengar, Romania. Honorable mention Tesla,

Overrasking: Homecoming fest, Beograd.

Kaffi: Einsteins kaffe, Berlin.

Drink: Old Fashioned, Berlin.

Hotell: Danubius Hotel Astoria, Budapest.

Frukost: Centrál Kávéház, Budapest.

Midag: Nobu, Budapest.

Parkering: Istanbul.

Worst of:

"Ølet" som André har lyst i bann.

“Ølet” som André har lyst i bann.

Øl:Creme de Menthe øl, Berlin.

Pub: The Corner, Bloody Beach.

Pris: Tyrkisk vin, Istanbul.

Kyrkje: Sex shop, Bloody Beach

Sigarettar: Pueblo, Bloody Beach.

Vei: Riskvegen i Bulgaria.

Skilt: Vegarbeid, over alt.

Pengar: Florint, Ungarn.

Overrasking: Køyre i ring, Bulgaria.

Kaffi: Tyrkisk kaffi, Istanbul.

Drink: Lokal whiskey, Bloody Beach.

Hotell: Villa Mystique, Beograd.

Frukost: Villa Mystique, Beograd.

Midag: Takterasse, Istanbul.

Parkering: Wien.

Lenkje til mine bilete

Lenke til André sine bilete.

Vyrdsamt Vidar.

I trøbbel på grensa

Då me starta ut frå Berlin var alt som normal, men det eg trudde skulle bli ein long og hendingslaus tur frå Berlin til Noreg vart heilt noko anna. Eller, long vart den, litt lenger enn ynskjeleg. Eg hadde tenkt å nytta denne oppdateringa som ei slags oppsummering i mangel på anna å skrive, men då det vart litt å seie og doktoren fekk tid til å skrive eit reisebrev på den longe turen, kjem oppsummeringa i morgon.

Svensk/Dansk bru, so far so good.

Svensk/Dansk bru, so far so good.

I 8000 Km på vegen har Almeraen oppført seg eksemplarisk, og turen frå Berlin til Gøteborg var ikkje noko unntak. I toppfart gjennom Tyskland og rikeleg fort gjennom våre nordiske naboland knappa me raskt inn tid på forventa annkomst. Dette skulle brått snu då me kom nær den siste grensepasseringa. Etter 8000 Km på vegen byrja bilen å fuske voldsomt berre 2 mil i frå Noreg. Den mista all motorkraft og all form for akselerasjon over det absolutte minimum var umogeleg. Me tenkte kanskje det var eit klassisk Volvosyndrom og at det kom til å gå seg til om me berre greide å halde den gåande ei stund. Det var mykje hosting og harking, men me greidde å føre den over grensa. Trikset var å berre gje gass uhyre forsiktig og ikkje presse den for mykje. Problemet med automatgir er at den plutseleg bestemmer seg for å gire ned. Det gjer at den får for høgt turtal, byrjar å fuske, mister motorkraft og du er inne i ein ond sirkel. Det gjekk greit på dei flate vegane på Austlandet, men vegen over fjellet såg tung ut. Fyrste utfordring, Oslofjordtunellen låg framføre oss. Oppover tunellen i 40 Km/t var det akkurat såvidt me nådde toppen, men me greidde det.

Oppdrag fullført, såvidt.

Oppdrag fullført. Såvidt.

Turen over fjellet gjekk seint. Akkurat då me var kommen opp i fart kom det ein oppoverbakke og det var rykk tilbake til start. Turen tok mykje meir tid enn forventa, men me kom ut av Børnafjordtunellen i 40 Km/t klokka 5 om laurdagsmorgonen. Då André hadde fått litt feeling med bilen, vart det til at han laut køyre heile vegen og etter eit par og tjue timar på vegen, var det ein trøytt, men oppstemt gjeng som parkerte bilen i oppkjørselen. Oppdraget uført.

Under følger siste utgåva av Doktorens reisebrev og oppsummeringa kjem som lova i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

Arkivfoto av at den gode doktoren skriv reisebrev.

Arkivfoto:Den gode doktoren skriv reisebrev ved eit tidlegare høve.

God ettermiddag igjen.

Dette er alles favoritt, Doktoren. Då me no er på veg heim til vakre Storøy, hadde eg eit par ord til eg ville ha sagt. Då eg no er blitt lokal kjendis og er sitert i den lokale avis, med openbaringane mine frå utlandet.

Det har vært ein kjempe kjekk tur, me har hatt det mykje morosamt, fått i oss ein heil del av det lokale ølet og litt av det lokale brennevinet, me har i motsettning til sist tur ikkje fått i oss mykje av den lokale vin, rettare sagt bare ei flaske, den var Tyrkisk og heilt jævlig. Dette er jo noko eg kjende med ein gang eg smaka på han, men eg valgte å ikkje sende den tilbake då dei såg ut som dei skulle drepa oss, bare fordi me ikkje var anstendig anntrukket. (Kaki shorts, kaki vest, og fez).

Men nok om det, mine medsammensvorne minna meg nett på at eg har ein tendens til å hissa meg på ting ( då eg satt i baksetet å hylte til ein sykklist som låg midt i vegen). Så eg tenkte eg skulle laga ei liste over diverse ting som har gjort meg lettare varm i trøya over dei siste vekene.

Bilistar som ikkje følger fartsgrensa. red: Ligg ca-tjue km. under.

Trailere, bussar, bublilar og div. andre ubrukelige kjøyretøy, som på død og liv skal hiva seg ut på motorvegen å kjøyra forbi ein annan bus, trailer og den driten der, når me andre ligg i småpene 150, og dei hiv seg ut i 75.

Å lesa avisa når ein ligg i 150 på Autoban.

At dei eg reise med på død og liv skal venta på grønn mann ved fotgjengerovergang. Er det klart så går ein, samma faen kva farge det er på lyset.

Arkivfoto: Doktoren les The international New York Times, den gongen Herald Tribune, i eit land som førte det.

Arkivfoto: Doktoren les The international New York Times, den gongen Herald Tribune, i eit land som førte det.

Mas. Med dette meinar eg sjølvklart dei lokale innkastarane på pubar og resturantar (utelukkande bare eit problem i Istanbul og Sunny Beach). Som masar noko heilt jævlig og skal på død og liv spør kor ein er frå, som om dei bryr seg. Eg gir i så fall ein god faen i kor dei er frå. Akuratt dette har då unge lovande Haslum funne løysinga på, det er bare å snakka Norsk til dei, då går dei fort lei. Ca. 20 minutter.

Dårlig kaffi: Er det faen ikkje mulig å få ein ærlig kopp kaffi på den lokale Boromir øl og diesel i Romania, den skal på død og liv vera nesten lika dårlig som den norske bensinstasjon kaffien. Som er uten tvil den værste i heile europa.

At det ikkje lenger skal vera mulig å få fatt i ei ærlig avis i austeuropa, det er ikkje ein kjeft som førar The International New York Times.

No må ikkje nokon av dykk ta dette som ei åtvaring mot å reisa til nokre av dei landa me har vært i, for dei som kjenner meg så hissar eg meg nett lika mykje når eg er heima eller på arbeid.

No er på den lokale Essoen på Notoden, og skal få oss enda eit par liter av den fine norske bensinstationkaffien. Så no får dykk ha og natt og lykke til.

Vyrdsamt.

Lokal kyrkje. Bør vera kjend for dei fleste.

Lokal kyrkje. Bør vera kjend for dei fleste.

Doktor Utan Grenser (utan genser?)

Eit lille post skriptum for anledninga høvar seg sikkert utmerka her:

Før eg får ein heil del kjeft for det så veit eg at det ikkje er ein ærlig sak for meg som ikkje køyrervbil, å klaga på bilrelaterte ting. Eg er sjøl stor motstandar av dette, som bevist då eg leste Fifty Shades Of Gray Bare for å komma med ei reflektert utaling om dette sosiale fenoment i finare lag. Og for dei som lurar, dårligaste boka eg har lest nokon sinne, og eg har lest Davinci koden….

Berlin there, done that

Brandenburger Tor

Brandenburger Tor

Dag to av Berlin var sett av til å sjå ein del av tinga ein lyt sjå når ein først vitjar hovudstaden i øllandet. Dette og meir fekk me til, men først eit knippe ord om våre evner til å shoppe.

I Berlin gjorde doktoren sitt sjette og sjuande forsøk på å få sigarettar utav ein automat, men óg i Berlin fekk han avslag på handelen. Kvifor dette er veit eg ikkje, men det er godt mogeleg at han berre er udugeleg. Kvifor han er så higen på å handle sigarettar veit eg heller ikkje, men det er kanskje blitt ein slags lek. Han skal greie å lure ein eller anna automat til å servere han sigarettar. Enda ingen suksess, men kanskje han har bedre lukke om me legg ut på tur igjen ein gong seinare. Shopping generelt er vell ikkje vår sterkaste sider, men både André og Doktoren overraska meg då dei fekk frie tøylar midt på dagen i Berlin.

Me starta dagen seint, eller iallfall ikkje så tidleg som me hadde gjort dei føregåande dagane. Då det var eit stykke å gå til Potzdamer Platz freista me stake ut kursen mot ein lærliggjande t-banestasjon eller u-bane som dei lokale kallar det. På vegen stogga me på ein resturant og fekk smakt litt på pølsene og sauerkrauten, samt slått eit par koppar kaffi i doktoren så mykje han vart tilsnakkandes. Me kjøpte oss kvart vårt dagskort på t-banen og sjekka rutene. Det synte seg at t-banen ikkje gjekk i den retningen me hadde tenkt oss, me hadde planar om å vitje det raude rådhus og ta oss ein tur i DDR-muséet. Me droppa planen om t-bane og heiv oss på toget i staden. Då det var noko heitt på toget la me inn ein pitstopp på halvvegen. Me fekk kjølt oss ned med ei pils longs elva og så var det rett på neste tog vidare. Etter 2-3 knallharde minutt i varmen på toget var me framme ved vår planlagde stoppestad. Me fekk knipsa ei håndfull bilete av Berlinerdomen, TV-tårnet og rådhuset, før me styrte inn på DDR-muséet. Trass mange besøkande gjorde air conditionen underverker og det var svalt og fint på DDR-muséet, det er meir enn det ein kan seie om min snartur til hotellet ved lunchtider.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Då eg returnerte til hotellet for å skrive blogg etter museumsturen tok eg ei litt anna rute. Me hadde valgt eit hotell som låg så midt i mellom t-banestasjonane at eg laut nytte skyvelære for å finne ut kva som var nærast. Eg kikka over rutene og noterte meg at eg skulle bytte bane etter to stopp. Dette viste seg å vera eit sjakktriks for då eg entra t-banevogna låg det plutseleg ein kar og spelde trompet i øyra på meg, så å høyre kva som var neste stopp var håplaust. Eit anna triks de skal få gratis av det som etterkvart er vorten ein verdsvant og røynd journalist er å aldri gripe etter notisblokka i lomma for å notere når det ligg ein kar og spelar trompet ved sida av deg. Han kjem til å mistenkje deg for å leite etter småpengar og ein får brått ein kopp under nasen. Når ein ser på mannen med koppen står han der med eit forventningsfullt smil som ein ikkje greier å takke nei til og ein vert nødt til å droppe planen om notering og gripe ein neve trepengar i staden.

Medan eg sat på hotellet og blogga var kumpanane mine på frifor i Berlin. Dei hadde planar om å sjå Brandenburger Tor, men då eg fann dei att, etter nok ei strabasiøs ferd i varmen på t-banen, overraska dei stort. Ikkje berre hadde dei fått kloa i ein 3,5 mm jack kabel, men André hadde fått sg nye solbriller og doktoren hadde investert i den lange vinterfrakken. Dei er flinkare enn meg å shoppe, men eg stiller litt spørsmål til timinga. Det var 30 varmegrader ute og den lange vinterfrakken syntes litt unødig, men doktoren hadde overbesvisande argument om pissing på Haukeli midt på natta og eg kjøpte det. Solbrillene og 3,5 mm jack derimot er eg rimeleg sikker på at er ting ein hadde hatt meir glede av å kjøpe før avreise, ikkje like før siste etappen, men kva veit vell eg, eg er ikkje shoppingekspert. Me fekk oss ein sein lunch, trass i at doktoren allreide hadde kjøpt seg muffins for 10 euro og tipsa 100% og fortsette å kikka litt i sentrum. Etter ei stund bestemde me oss for å returnere til hotellet for å lauge oss og få på oss tørre klede.

Doktor utan grenser, eller murar.

Doktor utan grenser sjekker inn.

Eg loste reisefølget gjennom t-banesystemet og me returnerte til hotellbaren enda litt svettare. Då servitøren spurte om det var for tidleg for Old Fashioned var svaret «Absolutely not», Mads fekk prøvd den originale Bloody Maryen og André fekk prøvesmakt det lokale ølet. Etter ein iskald dusj, vendte me tilbake til bykjerna. Me hadde framleis eit punkt som skulle kryssast, både fysisk og av lista. Checkpoint Charlie.

På veg til Checkpoint Charlie fekk me lurt André innom på den bannlyste cocktailbaren, Eleven, de veit, den som serverer Creme de menthe-øl, men denne gongen var det berre såvidt me fekk han med oss ut igjen. Ikkje berre fekk han seg ei flaske Erdinger dunkel, medan doktoren og eg prøvde Singapore Slingsane igjen, men han fekk kloa i wifi passorded óg. Ein ting me har merka i Tyskland er at dei er notorisk dårlege på å ha gratis wifi på hotella. Då me omsider fekk André utav Eleven var det blitt på tide med middag, me svingte raskt innom Checkpoint Charlie og fann ein resturant rett i nærleiken.

Sagnomsuste Singapore slings

Sagnomsuste Singapore slings

Før me runda av kvelden stogga me nok ein gong innom i hotellbaren for å nyte livemusikken og smake litt på Old fashioneden, den var like god som alltid, men eg trur det vert lenge til ein får smake den igjen. No er me i gong med den 20 timar longe turen heim. Forventa annkomst 0530 laurdagsmorgon, men meir om det og oppsummering av turen då. Køyr varsamt.

Vyrdsamt Vidar.

Then we take Berlin

Passeleg svett og klam, men god stemning i bilen etter 8-10 timar i 30 varmegrader.

Passeleg svett og klam, men god stemning i bilen etter 8-10 timar i 30 varmegrader.

Me nærmar oss slutten på turen og då me sette ut i frå Budapest onsdag var det berre eit stopp att før sjarmøretappen, Berlin. Då turen frå Budapest til Berlin var rekna til i overkant av åtte timar, bestemde me oss for å ta to dagar i Berlin, ein får ikkje sett så mykje av byen på eit par timar ein kveld og det kjem denne bloggposten til å bære preg av.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Ein ting om Ungarn er den noko strikse tobakkspolitikken. Då eg hadde forlete kartongen med billege bulgarske Rothmans i bilen, som no stod på ei hylle i eit parkeringshus, vart eg på eit tidspunkt nødt til å kjøpe sigarettar i Budapest. Ein skulle tru det var ein enkel sak å slå kloa i. Heime hadde ein kva som helst kiosk, daglegvarehandel eller bensinstasjon gjort nytta, men det er få bensinstasjonar i sentrum så me byrja leite etter ein av dei andre alternativa. Det vart raskt openbart at daglegvarebutikkar ikkje var plassen, dei førte i stor grad kosmetikk og hygieneprodukt, men ikkje tobakk. Sjølv om me var midt i sentrum av byen var det uhyre vanskeleg å finne ein kiosk. Det var ein bråte med nips og suvenirsjapper, men ingen kioskar. Etter å ha trålt byen i ein bedre del av ein halvtime kom me omsider over ein kiosk, men då eg spurde om sigarettar fekk eg berre eit surt grynt og eit «No» attende. Litt forbausa over at den einaste kiosken i mils omkrins ikkje førte sigarettar gjekk me ut att med uforetta sak. Ikkje lenge etter såg me den umsikjennelege logoen til Cohiba på fleire vindauge på ein bygning. Det var ikkje høve til å sjå inn vidauga då logoen dekka heile vindauget, så me freista kikka inn døra og der var det. Hadde me glimta til å funne den lokale tobakksforetningen? Me kunne ikkje tru flaksen vår. Med god grunn, det var ikkje flaks i det heile. Då me sjekka litt opp i det etter handelen, fekk me vete at Ungar for ein del år sidan hadde innført det eldgamle trikset med å berre tillete sal av tobakk på spesielle utsalsstadar. Nokre år seinare forbøy dei bensinstasjonar, kioskar og daglegvarehandlar å ha slike utsalsstadar. Dette førte sjølvsagt til at ein stor del av landets kioskar gjekk konkurs og dei som hadde investert pengar i å byggje utsalsstad på bensinstasjonen sin plutseleg stod tomhendte attende. Dette forklarer jo kvifor det var så få kioskar i hovudstaden. I det heile er det stort sett kioskar som berre forhandlar tobakk som fører produktet no, noko som har ført til at mange småbyar og tettstadar ikkje har ein einaste plass å handle tobakk, og at det er bortimot umogeleg å få tak i når ein ferdast longs motorvegane. Me har teke det til etteretning, men har heldigvis det store lageret med bulgarske sigarettar liggjande i bilen.

Utbrend trailer. Ei av fleire ulukker som hindra oss på vegen.

Utbrend trailer. Ei av fleire ulukker som hindra oss på vegen.

Grunna ulukker og vegarbeid vart turen som skulle være drygt åtte timar bortimot ti. Sjølv om det tidvis er fri fart på den tyske motorvegen er det vanskeleg å tene noko tid mot tida GPS-en oppgir. Dette er eit knippe grunnar til. Ein av dei er dei tidlegare nemde strekka med vegarbeid ein annan er bilen. Då me førte Volvo gjennom Tyskaland for to år sidan fann me ut at smertegrensa til Volvoen var 160 km/t, då byrja det å riste så voldsomt at me ikkje turde å køre fortare. På Almeraen er historia ei anna. Den ristar voldsomt mellom 120 og 130, men så stabiliserer det seg. Det som er utfordringa er at den beint fram ikkje går fortare enn 150 km/t, uansett kor long og bratt nedoverbakke og uansett kor mykje heimlengsel eller oppmutrande ord me kjem me stoggar det rundt 150 km/t. Det at ein kan lytte gjennom tre fjerdedelar av «Division bell» medan den akselerer frå 90 til 130 er heller ikkje hjelpsomt når ein prøver å knappe inn eit par minuttar.

Grand hotel Sheraton Berlin, hadde parkering i kjellaren så når me omsider kom fram var insjekk og parkering ein smal sak. Me var raskt ute og spasserte på Potzdammer platz, der me fann ein hundreølspubb. Med så godt utval smakte me på dei generiske øla dei hadde på tapp og fekk oss litt middag med det samme. Etter maten fann me ein cocktail bar ikkje longt vekke. Då André var litt bitter på at han ikkje hadde fått smakt noko anna enn Berliner pilsener og Kønig pilseneren på hundreølspubben tinga han den «Grüne weissbier» på cocktailbaren. Mads kom over Singapore slings på menyen, den første pubben i Europa som fører denne Tom Waits-favoritten. Doktoren og eg tinga oss kvar vår og då dei vart serverte var det til spottande og hånlege ord frå André om tvilsomme karar og lugubre drinkar. Han skulle fort få angre. Då «Ølet» hans kom nokre minutt seinare viste det seg å være det lokale 50/50 pils og Cremé de menthe-ølet. Sjølvlysande grønt på farge og med smak av bådde hogg og belegg tvingde André den i seg raskt og då kelnaren lurte på om han vill ha meir var svaret eit kontant «NO! It was horrible».

"Ølet" som André har lyst i bann.

“Ølet” som André har lyst i bann.

Sjølv om drinkane våre var gode hadde André bannlyst baren. Me kom til å tenkje på at hotellet kunne skilte med Europas første cocktailbar. Den fyrste av Harry’s New-York bars var riktignok i Paris, men det var den fyrste cocktailbaren i Europa og den franske filialen har æra av å ha oppfunne Bloody Marys. Det var litt seint for Bloody Marys, men me fekk servert ein av tidenes beste Old fashioned og doktoren visste kva det skulle bli til frukost, selleri med noko attåt.

No, dagen derpå har kumpanane mine forlete meg i hotellbaren for å blogge (ikkje at eg klagar på det), medan dei er ute på sightseeing i solsteiken. Meir om det i morgon, no er det på tide å smake litt på det lokale ølet.

Vyrdsamt Vidar.

Stormannsgalskap i Budapest

Det me antek er eit kommunistmonument i Budapest. Heilt sikkert kjend.

Det me antek er eit kommunistmonument i Budapest. Heilt sikkert kjend.

Då me hadde vore gode kommunistar på måndag var det på tide å vera litt meir storkarar på tysdag. Hotellet vårt stod jo ikkje i stil med den spartanske kommunistpubben og det gjorde heller ikkje parkeringsplassen til Almeraen, men meir om det litt seinare først, litt ymse.

EIn ting eg gløymte å nevne om Romania er dei noko spesielle vegskilta. Det ser ikkje ut til at det er noko god standard på korleis dei skal utformast, det er meir generelle retningslinjer. Vegarbeidskilta t.d. dei er stundom mann med hatt og andre gongar unisexfigur eller krumbøyd mann med spade. EIn forstår poenget, men det er ikkje så uniformt. Det skiltet me har undra oss mest over er varselskiltet med runding, sjå bilete. Det er eit treknata varselskilt med ein fyllt svart runding på midten. I byrjinga tenkte me kanskje at det var ein variant av ropeteiknskiltet me kjenner heimante, men då me såg at dei førte tilsvarande ropeteiknskilt som oss slo me det litt i frå oss. Det er sjølvsagt mogeleg at dette óg er ein del av det gjennomgåande problemet med ulike skilt og at ropeteikn og runding tyder det samme, men personleg held eg framleis ein knapp på mi eiga forklaring «Fare for singularitetar i vegen».

Fare for singularitet?

Fare for singularitet?

Me nytta kviledagen i Budapest mykje som me har nytta kviledagane andre plassar. Me kikka litt rundt i byen og såg på diverse halvkjende landemerker. I Budapest er meir eller mindre alle bygningane halvkjende landemerker så me auka innsatsen litt. Eit lokalt fort oppe på ein åskam såg ut som ein verdig ekspedisjon. Me fann fort ut at vegen opp var bratte trapper og at det var mykje lenger opp enn først anteke, men me beit det i oss det var jo berre 30 varmegrader og steikjande sol. Kor varmt kunne det bli? Svaret var veldig, men me fekk knippsa eit knippe foto av det som såg ut som eit kommunistmonument på toppen og starta nedstiginga. Då me hadde svetta ut eit heilt sett med klede allreide før lunch var det openbart då me kom ned igjen kva som var neste prosjekt. Me måtte ha nye reine klede. Då me ikkje har kryssa eit heilt kontinent (derom strides de lærde) for å handla klede vart det å finna ein butikk dei har på senteret. Forrige tur var me på shopping på H&M i Nice og Budapest var ikkje noko verre. Den lokale H&M butikken hadde alt me trong av shortsar, sjorter og boxershorts og ikkje lenge etter me gjekk inn var me på veg attende på hotellet for å dusja og bytta til nye klede.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Hotellet vårt var av den røytne varianten. Ein veit at ein bur på eit gammalt og erverdig hotell når t-banestoppet er oppkalla etter hotellet. Andre ting å sjå etter er marmoren på bada, for ein har meir en eit og han som opnar døra til deg eller parkerer bilen din. Parkere bilen fekk me til heilt sjølv. Den hadde me parkert i eit parkeringshus av den typen der ein køyrer bilen inn ein port, går utav og så ordnar parkeringshuset resten. Ein heis flyttar bilen din opp eller ned og stablar den inn på ei hylle i lag med eit utal andre bilar. Ein går der i frå og håpar huset tek like godt vare på bilen som dei tyrkiske ungdommane gjorde.

Reine og iført nye klede forlot me hotellet igjen. Om det var kleda eller han som opna døra og sa «See you later, sir» på hotellet veit eg ikkje, men me fekk for oss at me laut ete middag på ein finare resturant. Heldigvis er det eit knippe Michelin resturantar i Budapest og då me ikkje hadde fått vitja nokon gode sjømatresturantar på ferda slo Nobu oss som eit godt val. Ein noko røyten sushiresturant ikkje longt i frå hotellet. Me tinga sjølvsagt den dyraste 7-rettaren dei hadde på menyen utan å sjekke kva det innebar og lot det stå til. Eg skal ikkje bruka mykje tid på å beskrive kor god mat me fekk for det seier seg vell sjølv, men om du er i Budapest ein gong er Nobu eit sikkert kort for knakande god middag. Då me gjekk i frå resturanten fekk doktoren æra av å dra kortet for 100 000 lokale trepengar, han var over middels nøgd med det og eg hadde ikkje hjarte til å fortelje han at det «berre» var i underkant av 3000 norske kroner.

Szimpla Kert. Stole bilete då det var for mørk og alt for mykje folk då me var der.

Szimpla Kert. Stole bilete då det var for mørk og alt for mykje folk då me var der.

Etter middagen gjekk me for å vitja den sagnomsuste ruin pubben «Szimpla Kert». For dei uinnvidde kan eg fortelje at ein ruin pub noko som er vorte populært her nede dei siste ti åra og fungerar etter følgande oppskrift. Ein finn eit fråflyta hus og leiger det. Deretter gjer ein absolutt ingenting med det bortsett i frå å hyre inn nokre lokale taggarar for å pynte litt, set inn eit knippe tilfeldig utvalde møblar og byrjar å servere øl. «Szimpla Kert» var ein av dei første av desse ruin pubbane i Budapest og er framleis ein av dei mest populære. Kåra til den 3 beste baren i verda av Lonely Planet i 2012 fekk det me betalte for. Stinn brakke i eit fråflytta hus over fleire etasjar med stor bakgård og ein bråte med gamle møblar. Sjølve baren var eigentleg mange barar rundt om kring i det store lokalet. Ein ølbar, ein cocktail bar, ein shishabar og ein grill var berre nokre av mange plassar ein kunne få seg noko å ete, drikke eller røykje. Trass i det enorme utvalet av stolar, sofaer, tønner og kassar var det kun ståplassar ledig då me entra lokalet tidleg ein tysdagskveld. Me lente oss på panseret på den gamle Drabanten som stod henslengt i bakgården, kikka på livet og tok oss ei øl, smerteleg klar over at turen til Berlin morgonen etter kom til å bli long.

I skrivande stund er me i gong med den longe turen til Berlin, men alt om det og sikkert mykje meir, kan de lesa om her i morgon.

Vyrdsamt Vidar.